Referansar

Overlevering av ny traktor til Kirsti Timenes Bell og Per-Magne Bell

Dei siste åra har bruket vårt nytta Følling Maskin i mange samanhengar. Våren 2005 fekk vi havari på transportaren vår, Bucher Granit 2800, og bestemte oss for å kjøpe ny traktor. Geir Magnus sine kunnskapar og innsikt kom då til god nytte. Gjennom han kjøpte vi ein Lindner UNITRAC 68.  Vi  hadde då ei lessevogn for gras, Bucher A/LG 80, og ein fastgjødselspreiar, Gafner, som var tilpassa gamletraktoren, og hadde lite lyst til å investere i nytt utstyr. Geir Magnus tok på seg arbeidet med å bygge om både grasvogna og gjødselspreiaren, slik at vi kunne nytte dei til den nye transportaren. Vidare har vi gjort oss nytte av Geir Magnus til oppgradering av straumaggregat og ymse reparasjonar  på tankvogn, slåtteutstyr og skogsreidskap.  I alle samanhengar har han utførd arbeidet svært tilfredsstillande.  Yter god sørvis, er pliktoppfyllande og til å stole på.

Øvre Bell, Kirsti Timenes Bell og Per-Magne Bell


 

REFERANSE TIL FØLLING MASKIN

Eg, Gunnar Råheim er svært fornøgd kunde hos Følling Maskin.

Har nytta tjenester hos  firmaet, frå det starta i ein liten garasje.

Servicen er svært god, når det gjeld maskiner og utstyr til drifta, som det haster med å få reparert.

Det er betryggande å ha eit firma i nærheita, som ein kan rådføre seg med og få hjelp både til reperasjonar og innkjøp av utstyr som må planleggast.

Sist sommar sparte eg meir enn kr. 10.000.- på reperasjon på Biopresse, då Følling Maskin opna for at servicemann kunne nytte lokale hos han om natta, slik at pressa var klar til neste dag.
I motsatt fall, hadde reperasjonen tatt fleire dager med transportkostnadar større enn reperasjonskostnadane.

Eg kan trygt anbefale Følling Maskin til mange ulike reperasjonar, for viljen og kunnskapen, til å rette opp feil og finne løysingar på problem er kjempebra.

Gunnar Råheim